Frå Seven Summits til Asics Sentrumsløpet – Del 3

Torkjel Hurtig er den yngste nordmannen som har nådd toppen av det høgaste fjellet på kvart kontinent. Her oppdaterer han oss om treninga si fram mot Asics Sentrumsløpet.

Kven er Torkjel Hurtig?


Treningsfrustrert.

 Motivasjonen er der. Lysta er der. Viljen er der. Gleda til 21.april med heiande tilskodarar, energiske løparar og folkefesten er definitivt der. Så blir ein forkjøla og alt blir snudd på hovudet. Ein av dei verste følelsane eg veit om. Du vil trene, men kan ikkje, eller burde i alle fall ikkje gjere det.

Planen var å leggje inn den verkelege støyten med løpinga i akkurat desse vekene, men kroppen med hans biholer, slim og gørr gjer det noko vanskeleg. Det er vanskeleg å ikkje miste motivasjonen, men eg prøver så godt eg kan å vere positiv. Fokus er utelukkande på å bli frisk, restituere og krysse alt som kryssast kan for at forkjølinga slepp taket.

No er det under to veker igjen til startskotet går, og nervane er definitivt der. Spørsmålet eg stiller meg for tida er: skal ein satse absolutt alt frå start for å halde 40 min-tempo og moglegvis gå på ein sprekk eller gå for ny offisiell personleg rekord som vil vere alt under 46 min? I veldig mange situasjonar kan ein ofte pushe seg gjennom øvingar berre ein ikkje gir opp, men eg føler det er litt annleis med løping.

Sjølvsagt kan ein pushe seg gjennom eit løp, men ein vil ikkje plutseleg klare å halde 400 m-sprint-tempo gjennom 10 km, uansett kor mykje ein vil. Då vil kroppen trekkje i nødbremsen og «hold», mjølkesyre osv. blir ein ubehageleg realitet. Å berekne det perfekte tempoet, det som er så raskt at du ikkje føler du klarer å spurte dobbelt så fort den siste kilometeren eller som er sakte nok til at du ikkje får mjølkesyre etter bakken opp til Slottsparken, er ei krevjande øving. Med ein sjukdomsperiode rett før løpet blir det endå vanskelegare, men det gjer det i minste veldig spennande. Er vel ingen tvil om at erfaring og mil i beina betrar dømmekrafta, så mi oppfordring til alle er å utnytte dei siste ti dagane så godt som det lar seg gjere. Gi gass, men spar den beste mila til 21.april 🙂

 Lykke til!

Følg Torkjel på Instagram