Det er kaldt og mørkt ute. Kva gjer eg no?

Av Eirik Tanberg, Administrativ Leiar IL i BUL. Eirik har vore løpar i mange år og jobba mykje med treningklede og utstyr før han begynte i BUL.

Dei siste vekene har vinteren verkeleg begynt å gjere sitt inntog i store delar av landet. Snøen har begynt å leggje seg, og det er glatt mange stader. Samstundes er det seint lyst om morgonen og tidleg mørkt om kvelden. Mange tar med seg springeskoa inn på tredemølla. Andre trener litt mindre nokre månadar; kanskje medan dei ventar på skikkelig bra langrennsføre. Både tredemølle og langrenn er flotte treningsformer, men vi vil her slå eit slag for springing ute, heile vinteren gjennom.

Kva grep bør du gjere for at vinterspringinga skal bli ei best mogleg oppleving?

Tilpass springinga etter forholda:

Når det er glatt og kaldt er det viktig å tilpasse springinga etter forholda. Spring heller rolege, lengre turar enn korte harde intervall. Hald høg frekvens, gjerne opp mot 180 steg per minutt. Ved høgare frekvens er det større sjanse for at du klarer å lande med foten under hofta og dermed mindre sjanse for at du sklir på snø eller is. Dersom underlaget du spring på består av ei høg grad bar asfalt ikledd noko snø og is, er ofte heilt ordinære springesko det beste. Går derimot store delar av turen på underlag beståande av snø og is, er ein eller anna form for piggar under skoa fornuftig.

Her har du tre moglegheiter:

  1. 1. Kjøpe springesko med piggar som er berekna på vinterspringing.
  2. 2. Sette piggar i dine eigne springesko.
  3. 3. Kjøpe broddar berekna på springing.

Dei to førstnemnte er kanskje dei beste alternativa dersom du spring jamleg ute gjennom heile vinteren.

Lyset er ei utfordring:

Ein naturleg utfordring på denne tida av året er mangelen på naturlig lys. For mange vil det vere mørkt enten ein spring morgon eller kveld. Nokon vel å springe langs vegar og gater der det er lys, men ikkje alle ønskjer eller har moglegheit til dette. Her anbefaler vi å skaffe seg ei springelykt. På denne måten kan du springe der du ønskjer, utan fare for å rote deg bort på grunn av mangelen på lys.

Kle deg riktig:

Riktige klede er viktigare jo kaldare det er i vêret. Bruk lag-på-lag-prinsippet: fleire tynnare lag er betre enn eitt tjukt. Styr unna bomull viss det er mogleg. Vel syntetiske materiale, eventuelt ull eller ei blanding mellom ull og syntetiske materiale dersom det er skikkelig kaldt eller du har lett for å fryse.

På overkroppen bør du starte med eit pustande kroppsnært inst lag for å trekkje fuktigheita vekk frå kroppen. Ytst er det ofte kjekt med eit lag som er vindtett, i alle fall over brystregionen. Er det fare for regn eller mykje snø, kan ein gjerne springe med eit meir vasstett ytterlag. Men hugs: jo meir vasstett laget er, jo dårligare pustar det som regel. Ein vest er for mange eit ypparleg alternativ. Denne kan du bruke som ytste lag eller som ekstra isolasjon mellom inste og ytste lag.

På underkroppen er ofte ein springetights eller bukse tilpassa springing eller langrenn nok, eventuelt ein med vindtette panelar i front. Er det skikkeleg kaldt, er ein kombinasjon av tights og bukse ei fin løysing. Hugs hue eller panneband og vantar, hanskar eller vottar. Mesteparten av varmen forsvinn her, og desse plagga fungerer difor ypparleg som temperaturregulatorar ved å ta dei av og på avhengig om det blir kaldt eller varmt. Buff er også eit flott plagg, og gløym for all del ikkje sokkane!

Til slutt: Riktige klede er ingen eksakt vitskap. Nokon har behov for meir klede enn andre, men hugs ein ting: Dersom du er god og varm frå første meter, har du truleg tatt på deg for mykje klede. Kroppen produserer mykje varme når du har kome i gang, og det lønner seg som oftast å fryse litt dei første minuttane!

God springetur!