ASICS FrontRunner kjem til Noreg

Eit globalt vaksande community av ambassadørar kjem no til Noreg. Og du kan bli medlem.

ASICS FrontRunner-prosjektet starta i 2010 i Tyskland og har no medlemmer frå over 30 land verda rundt. I år blir det også i Noreg søkt etter inspirerande menneske som brenn for aktivitet. Nye team skal byggast i Noreg og Danmark, samtidig som Sverige aukar medlemstalet. Samen blir dei tre landa ASICS FrontRunner Skandinavia.

– Det kjennest veldig bra at vi no får medlemmer i heile Skandinavia. Vi kjem til å ta inn ti nye medlemmer i Noreg, og eg ser med spenning fram mot dette nye året saman, seier Thomas Pickelner, ASICS FrontRunner Community Manager.

Det svenske teamet starta i 2017 og består av svært ulike menneske. Alt frå mosjonistar som har sprunge sine første løp, til eliteutøvarar som OL-triatleten og medaljevinnaren Lisa Nordèn, landslagsløparen David Nilsson og ultraverdsmeisteren Jonar Buud.

– Kombinasjonen av eigenskapane til kvar enkelt gjer vårt community veldig sterkt og unikt. Det første året i Sverige har vore fantastisk og det kjennest allereie ut som vi er ein familie. Dette året håpar eg vi får medlemmer som har ein annan bakgrunn enn frå ulike typar springing, men som også forhåpentlegvis spring av og til.

No kan du søke om plass på laget!

Mellom 15. januar og 11. februar kan du søke om plass på teamet i Norge. Blir du ambassadør får du mellom anna eksklusiv tilgang til det internasjonale ASICS FrontRunnet-community, sesongtilpassa produkt, delta på ASICS-eventar og løp med meir.

Les meir om ASICS FrontRunner

Video frå prosjektet i Sverige