Kva er Sentrumsløpet

Sentrumsløpet er eit av Noregs største løps-arrangement!

Kvart år inviterer Idrottslaget i BUL til ein folkefest i Oslos gater.
Løpet er 10 km langt og for både mosjonistar og eliteløparar.
Både vaksne og barn kan delta.

Barnas SentrumsløpSentrumsløpet blei arrangert fyrste gong i 1981: 1860 menneske gjennomførte løpet, interessen auka raskt, og berre året etter var det 3600 deltakarar. Sentrumsløpet nådde ein topp i 1988 med nesten 18 000 løparar. DN Barneløpet har pågått sidan 1987, og det har vore over 1000 deltakarar ved fleire høve. Det har vore ulike distansar for barn – no er distansen 600 m for alle dei tre klassene: 3-5 år, 6-8 år og 9-11 år. Det er premiar til alle. Elles er distansen 10 km for alle over 12 år. Løypa er tradisjonell og går gjennom heile Oslo sentrum.

"Løping er kanskje den mest utbreitte form for kondisjonstrening, og den mest effektive."

Vi i IL i BUL ynskjer å få fleire folk i god form. Sentrumsløpet kan vere eit godt mål for dei fleste da alle kan klare å gjennomføre ein 10 km - samtidig som det er passe utfordrande! IL i BUL kan også hjelpe deg med å trene til løpet (sjå kva IL i BUL tilbyr her).


Sentrumsløpet skal også i 2014 bli ein løpsfest for både store og små, med underhaldning, felles oppvarming og mykje moro før, under og etter løpet. Vi håper på masse glade folk både i og langs løypa. Sentrumsløpet handlar ikkje berre om resultat, men også om gleda ved å delta. IL i BUL set fokus på at Sentrumsløpet er eit løp for alle, utan omsyn til alder, kjønn, religion og hudfarge.