Tren til løpet

Bli med i treningsgruppa "Tren til Sentrumsløpet 2012!"

 

Har du mål om å komme i form, forbetre tida frå årets løp eller ønskjer du å delta i Sentrumsløpet for fyrste gang? Bli med i løpegruppe med IL i BUL. Det er motiverande, god stemning, hard trening og du møter mange andre spreke og hyggelege folk. Velkomen!

Løpegruppene

Vi har to ulike løpegrupper. Elitegruppa er for aktive løparar som allereie er i god form. Mosjonsgruppa "Tren til Sentrumsløpet!" er for dei som er utrena eller som er i moderat god form. Treningane er intervallbasert, med lange drag på måndagar og nokre kortare drag på torsdagar. 

Oppmøte:

Bislett Stadion

Treningstider:

Elitegruppa: Måndagar kl.18.00 og torsdagar 19.00
Mosjonsgruppa "Tren til Senturmsløpet!": Torsdagar kl.19.00

 

Påmelding:

idrottslaget@bul.no
 

Trenarar:

Elitegruppa - Hassan Bouka
Mosjonsgruppa - Julie Mowinkel

Pris og medlemskap:

Skal du vere med i elitegruppa, må du melde deg inn i IL i BUL på www.bul.no Pris: 850 i året for medlemskap + 1200 kr året inkl. startkontingentar
Mosjonsgruppa kostar 1000 kr året inkl. startavgift til Sentrumsløpet

 

Spørsmål kan rettast til BUL-kontoret, tlf. 23 21 41 68/69 eller Hassan Bouka, tlf. 92086515