Tidsplan
Klokka 13.00 Barneløp klasse 3-5 år (gjerne ifølgje med vaksne)
Klokka 13.20 Barneløp klasse 6-8 år
Klokka 13.35 Barneløp klasse 9-11 år
Klokka 14.10 Asics Sentrumssprinten
Klokka 15.00 Start 10 km sentrumsløpet 1. pulje (slutt-tid under 35 min)
Klokka (ca) 15.00.30 Start 10 km sentrumsløpet 2. pulje (slutt-tid 36-40 min)
Klokka (ca)15.03 Start 10 km sentrumsløpet 3. pulje (slutt-tid 41-50 min)
Klokka (ca) 15.05 Start 10 km sentrumsløpet 4. pulje (slutt-tid 51-59 min)
Klokka (ca) 15.07 Start 10 km sentrumsløpet 5. pulje (over 60 min)
Puljane
Puljane i årets Sentrumsløp 10 km er basert på forventa slutt-tid. Vi har fem ulike puljar. Fyrste pulje startar kl. 15.00. Dei andre puljane startar fortsløpande. Du steller deg opp ved skilt som markerer pulja di, deretter blir du sloppe framover når det nærmer seg start for pulja di.
Startnummer
Du får ein e-post ca. to veker før løpet frå Ultimate om kva for startnummer du skal ha og info om start og puljar. Du hentar startnummeret ditt under den puljen du er sett i. Dersom du veit startnummeret ditt, er det ein fordel. Du må ikkje vise fram e-posten frå Ulitmate ved nummerutdelinga, men du må vite namn og pulje dersom du ikkje har det med. NB! E-post med startnummer kan nokre ganger leggje seg i søppelboksen. Sjekk difor denne dersom du ikkje har motteke e-post.
Startnummerutdeling
I teatersalen på BUL-huset; underetasjen på hotell Bondeheimen, rosenkrantzgt. 8 (sidegate til Karl Johan).
NB! Ikkje etterpåmelding til 10 km på sjølve løpsdagen. Til barneløpet kan ein etterpåmelde seg heilt fram til klokka 12.45 på løpsdagen.¨
Løypa
Løypa vil endrast i nokon grad i 2012, blant anna pga. løpstrasé rundt regjeringskvartalet. Nytt kart kjem når dette er klart (1. mars)!
Det vil ikkje vere lov å varme opp i løypa før start. All oppvarming må skje bakover frå starten og utanfor løypa elles.
Det står KM-skilt på kvar side av løypa, sjå etter gassballonger på høgre side.