Frivillig

Som frivillig under ASICS Sentrumsløpet er du ein del av eit signalarrangement for Oslo. Du er med på å skape den gode opplevinga folk er ute etter når dei melder seg på ASICS Sentrumsløpet.

ASICS Sentrumsløpet er eit av Norges største gateløp og IL i BUL sitt største og viktigaste arrangement. Inntekta frå løpet går til å skape eit godt tilbod til medlemene i laget.

IL i BUL ønskjer å ha eit mangfaldig og spanande miljø som inkluderer så mange som mogeleg. Den største gruppa vår er friidrettsgruppa, med ca. 350 aktive utøvarar. Vi har også trening for psykisk utviklingshemma og mosjonsgrupper for vaksne.

Utan den frivillige innsatsen klarar vi ikkje å gjennomføre arrangementet. Når du bidrar som frivillig på ASICS Sentrumsløpet, gir du eit stort bidrag til norsk idrett.