Tren til løpet

Det blir framleis mosjonstrening med IL i BUL i Oslo

Kva er vel betre enn å starte det nye året med trening? Bli med oss og trene til Sentrumsløpet 24. april!

Du kan velje mellom individuell trening eller trening for bedriftar.

 

Treningstider bedrift:

 

For bedriftar har vi følgjande tilbod:

Få treningsprogram, ekspertråd om kosthald, skadar og trening +

tren 1 gang grunnstyrke på treningssenteret Krønsj med treningsekspert og grunder, Christina Therkildsen

måndagar kl 15.30

tren 1 gang løping, velj mellom

anten nybyrjarar onsdagar 08.00 Bislett  (frå 18. mars) eller intervall for vidarekomne torsdagar 19.30 Bislett.

Ta kontakt med trenar Hege F. Pedersen, dagleg leiar iL i BUL på tlf 23 21 41 68.

Pris: 1200 kr pr person for alle treningar fram til Sentrumsløpet 24. april.

 

Treningstider individuell (berre løp):

Måndagar kl.18.00 og onsdagar kl. 08.00 (frå 18. mars) og torsdagar 19.30

 

Møtestad Bislett stadion utafor inngong 2  (lita glassdør i Sofies gate). Treninga vil mykje av tida foregå i Frognerparken

Fyrste trening i 2010: måndag 11. januar

 Påmelding til: hege.pedersen@bul.no

 

 

Vi har trening for dei som aldri har trent før, for dei som har trent litt og for aktive løparar

Treninga er intervallbasert, med lange drag på måndagar og nokre kortare drag på torsdagar. Vi spring no frå Bislett og til Frognerparken. Måndagar er for godt trena. Torsdagar er for alle!

Alle er velkommene anten ein av dagane, eller alle dagar.

Pris: 600 kr for alle treningar + deltaking i Sentrumsløpet 2010 (siste trening veka før løpet).

 

Spørsmål kan rettast til BUL-kontoret, tlf. 23 21 41 68 eller Hassan Bouka, tlf. 92086515

 

 

Sentrumsløpet og Holmenkollstafetten 2009:

Det var strålende forhold under årets Sentrumsløp for både deltakarar og tilskodarar. Med vinnartid i verdsklasse av Karoline Bjerkeli 31.29 og berre 4 sekund bak Ingrid Kristiansens løyperekord, og tre menn løp under den magiske halvtimen. Heile 2 972 løparar kom i mål. Det er ei auking på over 70 % frå i fjor! Alle deltakarane frå gruppa ”tren til Sentrumsløpet” forbetra tida si frå i fjor. Enkelte oppnådde til og med pallen i sin klasse. Mange av desse har oppnådd så gode tider at de kvalifiserte seg til ein plass på BUL sitt lag i Holmenkollstafetten. Andre fekk også muligheita til å løpe Holmenkollstafetten ved å starte eige mix-lag. Dette mix-laget gjorde det bra og kom på 3. plass i klassen.


Resultat frå Sentrumsløpet her

 

Resultat frå Holmenkollstafetten bedrifs/mosjon flest kvinner her

 

Søk

Sponsorar
Hyundai

Skagenfondene

Sport 1 Sentrum

Hotell Bondeheimen

Samarbeidspartnarar
Norsk Folkehjelp

Polar

Krønsj

Maxim

Sognsvann Rundt Medsols Hver onsdag

House of sushi

Jentebølgen

Treningshuset

Kontaktinformasjon

Il i BUL
Rosenkrantz Gate 8
0159 Oslo

Tlf: 23 21 41 68
Tlf: 23 21 41 69
E-post: hege.pedersen@bul.no