Kva er sentrumsløpet?

Sentrumsløpet er eit av Noregs største løps-arrangement!


Kvart år inviterer BUL idrottslag til ein folkefest i Oslos gater.
Løpet er for mosjonistar og eliteløparar.
Både vaksne og barn kan delta.

Sentrumsløpet blei arrangert fyrste gong i 1981: 1860 menneske gjennomførte løpet, interessen auka raskt, og berre året etter var det 3600 deltakarar. Sentrumsløpet nådde ein topp i 1988 med nesten 18 000 løparar. Barnas Sentrumsløp har pågått sidan 1987, og det har vore over 1000 deltakarar ved fleire høve. Det har vore ulike distansar for barn – no er distansane 1000 m for alle dei tre klassene: 3-5 år, 6-8 år og 9-11 år. Det er premiar til alle. Elles er distansen 10 km for alle over 12 år. Løypa er tradisjonell og går gjennom heile Oslo sentrum (sjå løypekart under Informasjon).

I 2008 arra ngerte vi også for fyrste gong "the red mile" - 1609 m mot rasisme! Dette er eit løp kor alle kan delta gratis for å vise standpunktet sitt MOT rasisme.

"Løping er kanskje den mest utbreitte form for kondisjonstrening, og den mest effektive."

 

Vi i IL i BUL ynskjer å få fleire folk i god form. Sentrumsløpet kan vere eit godt mål for dei fleste da alle kan klare å gjennomføre ein 10 km - samtidig som det er passe utfordrande! IL i BUL kan også hjelpe deg med å trene til løpet.

Til løpet i 2009 startar vi i tillegg opp med treningsgrupper over heile landet, kor du kunne trene til Sentrumsløpet både i Bergen, Kristiansand og Tromsø. TV-programmet Puls på NRK startar opp med ei eiga treningsgruppe og dei fire deltakarane frå Betre Puls klarte alle å gjennomføre løpet på ein god måte. Dei skal også springe i år!

Sentrumsløpet skal også i 2010 bli ein løpsfest for både store og små, med underhaldning, felles oppvarming og mykje moro før under og etter løpet. Vi håper på masse glade folk både i og langs løypa. Sentrumsløpet handlar ikkje berre om resultat, men også om gleda ved å delta. 


Sentrumsløpet er eit tradisjonsrikt løp, og alltid ein folkefest.

BUL som arrangør av Sentrumsløpet vil gjerne knyte til seg partnarar til løpet som er villige til å gjere ein innsats for å få løpet opp på nye høgder.
Løping er veldig i tida, og vi hadde stor pågang og etterspørsel rundt Sentrumsløpet 2010.
BUL ynskjer å nå målsetjinga si med å få 6000 deltakarar til å Sentrumsløpet 2010. Vi vil også setje fokus på at dette er eit løp for alle, utan omsyn til alder, kjønn, religion og hudfarge.




Sentrumsløpet har mykje å tilby deg som samarbeidspartnar!
Håper å høyre frå deg!
Mvh.
BUL & Sentrumsløpet

 

Søk

Sponsorar
Hyundai

Skagenfondene

Sport 1 Sentrum

Hotell Bondeheimen

Samarbeidspartnarar
Norsk Folkehjelp

Polar

Krønsj

Treningshuset

Sognsvann Rundt Medsols Hver onsdag

Jentebølgen

House of sushi

XL1

Dagsavisen

Kontaktinformasjon

Il i BUL
Rosenkrantz Gate 8
0159 Oslo

Tlf: 23 21 41 68
Tlf: 23 21 41 69