Sentrumsløpet 24. april 2010
Sentrumsløpet opplev no større pågang enn på lenge - ver rask med å melde på, så du er sikra deltaking!
Neste påmeldingsfrist er 13. april.
Sentrumsløpet er i år på ein laurdag
Vi har 30 års- jubileum i 2010 - det blir fest i Oslos gater!
Tidsskjema
Arrangementet stratar med barneløp kl 13.00
Sentrumssprint kl. 14.00
Hovudløpet 10 km kl.15.00 (puljestart, nokre puljar vil starte seinare)
Vi reknar med at arrangementet er ferdig ca kl 17.00
Distansar:
10 km Sentrumsløpet Sjå løypekart her!
1000 m barneløp 3-5 år 6-8 år 9-11 år
10 km Sentrumsløpet er ope for alle som blir 12 år i 2010 og eldre!
Prisar:
NB! Før 15. januar berre 290 kr (+ gebyr 15 kr)
Barneløp 100 kr før 15. januar.
Frå 16.1 kr 330 (+ gebyr 15 kr) Barneløp 130 kr
Siste ordinære påmeldingsfrist er 13. april. Etter dette berre etterpåmelding (450 kr + gebyr)
Påmeldinga er individuell og bindande og vil ikkje bli refundert.
For bedriftar og grupper:
Vi har to tilbod:
- For 10 000 kr kan din bedrift støtte Norsk Folkehjelps mineryddingsarbeid og bli sette på Sentrumsløpskartet over spreke og ansvarsfulle bedriftar. I tillegg får 10 tilsette i bedriften springe Sentrumsløpet, dei får 3 treningar med IL i BUL kvar, førstehjelpsutstyr og andre effektar frå Norsk Folkehjelp, samt diplom.
- Ynskjer 15 eller fleire frå ein bedrift eller gruppe å springe saman, får ein rabatt og får forenkla påmelding.
Ta kontakt med IL i BUL: hege.pedersen@bul.no
Overnatting:
Hotell Bondeheimen i Oslo (rett v Karl Johan og løpsstart) tilbyr svært gode priar helga 23-25. april:
Enkelrom inkl frokost: 750 kr pr natt
Dobbeltrom inkl frokost: 950 kr pr. natt
Bestill på tlf 23 21 41 00
Nytt og betre løp og påmelding
Vi vil ha sikrare og enklare påmelding i år og eit enda betre løp i 2010 med flotte premiar, underhaldning og god resultat-teneste!
Tren til løpet med iL i BUL
Vi har tren til Sentrumsløpsgrupper på måndagar, onsdagar og torsdagar. Møt opp!
(les meir under tren til løpet)
Vi ynskjer alle ei flott løpsoppleving rundt i Oslos gater laurdag 24. april 2010!