Stengte gater 27. april

Medan Asics Sentrumsløpet pågår den 27. april, kjem gatene rundt løypa til å vere sperra av og kollektivtrafikken vil bli påverka enkelte stader.

Tidsplan 27. april

Tidspunkt
Gater stengt
Aktivitet
Merknader
04.00–12.00 Karl Johans gate Arrangør og andre aktørar gjer klar gatene Oppsett av musikkanlegg og gjerder.
12.00 Karl Johans gate Forventa aukande folkemengd 12.00–16.00 er det mest tilstrøyming av folk.
13.30–14.30 Karl Johans gate Norlandia Sentrumsløpet for barn Barneløp rundt Spikersuppa.
14.30 Karl Johans gate Sentrumssprinten Startar på slottstrappa og endar på Egertorget.
15.00–18.00/19.00 Alle gater og kryss i nærleiken av løypa. Sjå løypekart under. Asics Sentrumsløpet 10 km og 5 km Løpet startar og sluttar på Karl Johan. Forventa tal på deltakarar: 10.000–12.000. Forventa tal på publikum: 2000–7000 (hovudsakleg i sentrum).
19.00 Alle gater skal vere opne igjen. Noko nedrigg held fram utover kvelden Politiet avgjer nøyaktig tidspunkt for å opne gatene igjen.

Løypa går gjennom følgjande gater:

Karl Johans Gate -> Slottsparken à Parkveien -> Colbjørnsens gate -> Gyldenløves gate -> Kirkeveien -> Middelthuns gate -> Frognerparken -> Nobels gate -> Bygdøy allé -> Henrik Ibsens gate -> Løkkeveien -> Rådhusplassen -> Rådhusgata -> Kongens gate -> Akershusstranda -> Grev Wedels plass -> Dronningens gate -> Prinsens gate -> Kongens gate -> Karl Johans gate.

Sjå karta under eller sjekk ut løypekart for google-kart. Info om kollektivtrafikk finn du her: https://ruter.no/avvik/buss-og-trikk-viker-for-sentrumslopet/.

Frogner

Gatene rundt kjem til å vere stengte frå om lag kl. 15 til kl. 18 og det vil dessverre ikkje vere mogleg å køyre verken inn eller ut. Fotgjengarar kan passere, så dersom ein skal bruke bil, er det lurt å sette han utanfor løypa.

Kvadraturen

Gatene rundt kjem til å vere stengte frå om lag kl. 15 til kl. 18, men det vil vere mogleg å køyre ut av kvadraturen. Følg omkøyringsskilt.

Vi oppfordrar alle verksemder og enkeltpersonar i området rundt arrangementet til å ta del i folkefesten.

Og vi håpar at dei stengte gatene og folkemengdene ikkje skapar nokon problem for dykk.