Startnummerutdeling og ASICS Expo

Velkomen til ASICS Sentrumsløpets startnummerutdeling og expo i Rosenkrantz’ Gate 8. I tillegg til å hente startnummeret, kan du kjøpe klede og sko og teste ein Motion ID for å finne ut kva type sko som passar best for deg og ditt løpesteg.

Opningstider:

Torsdag 25. april: kl 10.00–19.00
Fredag 26. april: kl 10.00–19.00
Laurdag 27. april: Frå kl 09.00

Hente startnummer

Hugs at du må oppgi startnummeret du skal hente (ikkje namn). Det beste er å ha klar e-post frå oss på telefon eller utskrift. Dersom du skal hente startnummer på vegne av nokon andre, ber du dei om å vidaresende deg denne e-posten for framvising. Dersom du ikkje finn han, kan du søkje opp startnummeret ditt her.

Du får også med deg ei gratis t-skjorte når du hentar startnummeret.

Motion ID

Motion ID inneber at du fyrst svarer på nokre spørsmål om kor ofte du spring, på kva underlag o.l. Deretter får du springe på eit rulleband med sensorar festa til kroppen. Motion ID leser slik korleis du beveger deg når du spring og anbefaler ein skomodell som passar for deg og ditt bevegelsesmønster.

Desse skomodellane finn du på EXPOEN

På expoen finn du eit breitt utval av sko og klede frå ASICS. Hugs at du kan prøve Motion ID som hjelper deg å finne den rette skoen for deg.

GEL-Kayano 25
ASICS GEL-KAYANO 25 løpesko er basert på teknologiar som underbyggjer foten sine naturlige bevegelsar. FlyteFoam-teknologi og FluidRide-mellomsåle gir jamn overgang frå hæl til tå, beskyttelse mot støyt og støtte for foten, slik at du kan springe lenger.

GEL-Kayano 25 er konstruert for å gi ei skreddarsydd oppleving og har ein stilrein profil med ein smal, vevd overdel, inspirert av beltet på ein tradisjonell japanske kimono.

GEL-Nimbus 21
ASICS GEL-NIMBUS 21 løpesko er konstruert for å gi løparar med nøytral pronasjon overlegen komfort og ei deilig løpeoppleving. Den er konstruert med tolags pustande Jacquard-mesh for eksepsjonell komfort og formar seg etter foten. GEL-en i forfoten gir auka fleksibilitet, mens den romslege tåboksen gir optimalt med plass for stortåa og tåballen.

GEL-NIMBUS 21 byr på eksepsjonell stabilitet, takka vere nøytral Pebax Trusstic-teknologi og er ein ekstremt lett sko som gir deg ein fjærande følelse når du spring.

TartherZeal 6
TARTHERZEAL 6 løpesko er utvikla spesielt for løparar som er glad i krevjande økter løping i høgt tempo. TARTHERZEAL 6 kombinerer ein FlyteFoam-mellomsåle med ein Duosole-yttersåle, noko som gjer skoen svært lett og eit must i treningsgarderoben. Vekt 160 g.

Dynaflyte 3
ASICS DYNAFLYTE 3 løpesko er ein sko av ypparste merke. Den har ein responsiv FlyteFoam Lyte-mellomsåle som er konstruert for å styrke prestasjonane til løparar som har sans for både fart og luksus. Vekt 257 g.

MetaRide
MetarRide er årets store nyheit frå ASICS. MetaRide er produsert for lange løp på landvegen, og det spesielle designet betyr at du sparer energi og kan springe lengre avstandar takka vere redusert bevegelse i ankelen. Komfortabel demping og komfort karakteriserer denne skoen. Skoen har også ei spesiell bua sole, GuideSole, som hjelper løperen gjennom steget på ein mjuk og jamn måte. Den øvre delen er i eit strikka materiale som omgir foten og gir nødvendig støtte. Denne luksusskoen er noko heilt nytt frå ASICS og må testast.

I ASICS support-telt kan alle som vil lage sine eigne heia-skilt! Skilta kan også lagast om til ein clapper som lagar høg lyd når du slår han på handa eller låret.

ASICS support-telt finn du på Egertorget og i start-/målområdet.