Det handlar ikkje berre om sjølv løpet.
Det handlar like mykje om vinteren og tida før løpet. Det å ha registrert seg til løpet, eller ha som mål å gjennomføre (her kan ein sette punktum dersom målet er gjennomføring) til en gitt tid, betre tid enn ein kollega eller venn, gjer at ein lettare tar på skoa i den mørke, kalde tida (les: vinteren). Asics Sentrumsløpet i april er på mange måter kick-off for årets løpesesong for mange tusen. Startskotet for eit nytt sommarhalvår med løpeeventyr som ligg der framme!

Det å vite det er ein startstrek ein skal stå på når våren kjem, gir motivasjon og energi. Det kan vere ein avgjerande faktor som gjer at ein trosser vêr og føre, og legg ut på løpetur. Eller ein faktor som gjer at ein samlar nokre ekstra kilometer på tredemølla, noko ein elles kanskje ikkje ville gjort. Ein legg ein plan fram mot løpet, og det knyt seg ekstra spenning og energi rundt raceday. Dagen der ein skal teste og måle utbytte på vinterens trening.

Utandørs har vinteren på austlandet vore alt anna enn snill denne sesongen. Vinteren har servert utfordringar som snø, slafs og is heilt ned i «løpe med stillongs-temperaturar». Men for min eigen del kan eg seie at eit løp på våren, rett etter at vinteren har takka for seg, gjer at eg søkjer kvalitet på treningsturar gjennom vinteren. Eg prioriterer treninga, finn tid og eg tar val som gjer at eg kan stille godt rusta når startskotet går.

Race gjer noko med mindsettet. Sjølvsagt når det gjeld tankar og fokus der og då, når du står på startstreken. Men også det å vite at eit løp ligger lengre framme i kalenderen gjer at tankar og val blir tydelegare og enklare. Tydeleg og enkelt er verdiar som er gode å ha med seg i eit hektiske informasjonssamfunn, og for min eigen del ein travel fase i livet. Mi meining er at dette også er to viktige poeng som gjer at så mange vel løping som idrett. Det å ta sikte på eit løp synest eg er med på å reindyrke desse områda, og for meg er eit løp ein katalysator og motivator på det eg liker å drive med. Uavhengig av PB eller ikkje på sjølve løpet.

På startstreken og dei siste dagane inn mot Asics Sentrumsløpet kan tankar som at eg skulle ha trena meir, eller sprunge meir, dukke opp: at eg burde førebudd meg meir. Men som småbarnsfar, travelt opptatt med andre aktivitetar og jobb så har eg blitt betre til å tenke: «Eg har gjort så godt eg har kunna». Eit race der framme har haldt meg skjerpa og fokusert, og når eg står på startstreken har eg allereie vunne litt i form av opplevingar, erfaring og forhåpentlegvis ei betre form. Eg har også gleda meg på vegen til sjølve løpet.

Så det handlar altså ikkje berre om løpet som no som skal gjennomførast. Ein lokal pokal (les: gratuler deg sjølv) til meg allereie på startstreken gir ein god følelse. Tommel opp og godfølelse er eit godt våpen i jakt på målet i eit løp.

Masse lykke til på Asics Sentrumsløpet 2019!
Vennleg helsing
Kim Borge Kolstad
Kaptein
ASICS FrontRunner
Norway