Asics Sentrumsløpet 2019

Laurdag 27. april 2019 gjekk Asics Sentrumsløpet 2019 av stabelen. Vi hadde 12.500 deltakarar påmeldt, noko som er ny rekord sidan BUL starta å arrangere løpet i 1998. Om lag 10.500 fullførte eitt av løpa. Gatene var fulle av deltakarar og tilskodarar og det var veldig bra løpevêr.

Kl. 13 var det allereie folksamt på Karl Johan og i Spikersuppa og kl. 13.30 opna vi arrangementet med Norlandia Sentrumsløpet for Barn. Her hadde vi 608 deltakarar som var meir eller mindre motivert til å springe heile runden rundt Spikersuppa. Alle som var med fekk medalje av mellom andre Heidi Weng, Kjetil Jansrud og Isabelle Pedersen. Det var god stemning og mykje aktivitet i Spikersuppa før og etter løpet.

Kl. 14.30 starta Asics Sentrumssprinten med 14 deltakarar som sprang frå Slottstrappa til Egertorget.

Vinnarane var:

1. Frida Thorsås (0:02:15)
1. Luca Thompson  (00:01:53).

Etter dette byrja gatene å fylla seg opp. Asics Sentrumsløpet 10 km skulle i gang frå kl. 16.00 og dette er det klart mest populære løpet med 13 puljar og totalt 8616 fullførande deltakarar.

Slik blei topp 3-lista:

Kvinner

1. Sanna Mustonen (Hässelby)  0:34:31
2. Maria Sagnes Wågan (IK Tjalve)  0:35:01
3. Hanne Maridal (Lillehammer IF) 0:35:21

Menn

1. Erik Udø Pedersen (Kristiansand løpeklubb)  0:30:15
2. Eivind Øygard (Jølster)  0:30:19
3. Bjørnar Lillefosse (Gular IL) 0:31:06

Kl. 17.30 byrja dagens siste løp: Asics Sentrumsløpet 5 km . Her var det 1317 startande deltakarar. Slik blei topp 3-lista:

Kvinner
1. Anna Marie Sirevåg Nordengen (Sportsklubben Vidar)  0:18:18
2. Kari-Anne Veen (IK Skjalg)  0:19:01
3. Lisa De Ruiter (OSI Friidrett | NED)  0:19:08

Menn
1. Marius Garmann Sørli (Asics FrontRunner)  0:14:46
2. Nikolay Ivakhnov (Franzefoss | RUS)  0:15:57
3. Emil Mohr-Skogan (Christiania Taekwondo klubb)  0:16:26

Asics Sentrumsløpet er løpet for alle, så dei fleste satsa ikkje på å kome fyrst i mål. Vi håpar difor mange av dykk klarte dykkar personlege mål. Det var fantastisk å sjå alle dei glade deltakarane som kom over målstreken! Ved mål streama vi live-intervju med deltakarar på Facebook (Sentrumsløpet), delte ut drikke, bananar og, sjølvsagt medaljar.

Tusen takk til alle som deltok, alle frivillige og alle våre samarbeidspartnarar for ein flott dag!

Sjå fleire bilete og videoar på Facebook eller Instagram.