Frå Seven Summits til Asics Sentrumsløpet

Torkjel gjekk opp på det høgaste fjellet på kvart av verdas kontinent på 1055 dagar. No vil han springe Asics Sentrumsløpet på under 40 min.

 

Kven er Torkjel Hurtig?

Torkjel er 28 år, tidlegare fallskjermjeger og sivilingeniør med mastergrad i Industriell økonomi og teknologileiing frå NTNU i Trondheim. Etter fullførte studiar ønska han å gjere noko anna, som både kunne gi ei form for tilleggsutdanning og ei oppleving for livet. Målet hans var å gå opp på det høgaste fjellet på alle verdas kontinent. Torkjel nådden toppen av Mount Everest i mai 2017, som tidenes yngste nordmann, og fullførte 7-summits-prosjektet ved å stå på toppen av Mount Vinson i Antarktis rett før jul i fjor.

Hans neste prosjekt: springe 10 KM i Asics Sentrumsløpet under 40 minutt.

Korleis skal Torkjel nå målet?

I utgangspunktet er Torkjel heller vant til å gå langt med tung sekk, og det å springe i 15 km/t i 40 minutt er per i dag eit veldig hårete mål. Han begynner gradvis med løpstrening i IL i BUL, kombinert med andre former for kondisjon og ein del styrke. Det tar tid for kroppen å venne seg til springing, men med over to månader igjen til start er alt mogleg og mykje kan skje fram mot løpet.

I kvart nyheitsbrev fram til 21. april får du ei oppdatering på korleis det går med prosjektet til Torkjel. Vi oppfordrar deg også til å følge han på Instagram (@torkjelhurtig). Her har Torkjel laga ein historie som heiter Sentrumsløpet, der du kan følge hans veg mot målet.

(Historiene finn du rett under profilbeskrivinga – dei er berre tilgjengelege via Instagram-appen til telefon og nettbrett.)