Asics Sentrumsløpet 2018

Laurdag 21. april 2018 gjekk Asics Sentrumsløpet 2018 av stabelen. Vi hadde 11.365 deltakarar påmeldt og 9507 som fullførte eit av løpa, noko som er om lag 200 fleire enn i 2017. Vêret var strålande og gatene var fulle av deltakarar og tilskodarar.

 

Kl. 13 var det allereie folksamt på Karl Johan og i Spikersuppa og kl. 13.30 opna vi arrangementet med Norlandia Sentrumsløpet for Barn. Her hadde vi 527 deltakarar som var meir eller mindre motivert til å springe heile runden rundt Spikersuppa. Uansett løpsmotivasjon var det veldig god stemning og alle barna fekk medalje, som BUL-medlemer, mellom andre Heidi Weng og Martine Ek Hagen delte ut.

 

 

Kl. 14.30 sette Asics Sentrumssprinten i gang med 24 deltakarar som sprang frå Slottstrappa til Egertorget. Vinnarane var Sigurd Tveit (0:01:50) og Yngvild Elvemo (00:02:05).

 

Etter dette byrja gatene verkeleg å fylla seg opp. Asics Sentrumsløpet 10 km skulle i gang frå kl. 16.00 og dette er det klart mest populæret løpet med 10 ulike puljar og totalt 7839 fullførande deltakarar.

 

Slik blei topp 3-lista:

Kvinner

  1. Vienna Søyland Dahle (IL Skjalg)  0:34:10
  2. Runa Skrove Falch (SK Vidar)  0:34:26
  3. Mikaela Larsson (ASICS FrontRunner/ Spårvägen) 0:34:34

Menn

  1. Mustafa Mohamed (Hälle IF)  0:29:50
  2. Weldu Negash Gebretsadik (IL i BUL)  0:29:55
  3. David Nilsson (Högby/MotionMetrix/Asics)  0:30:08

 

Kl. 17.30 byrja dagens siste løp: Asics Sentrumsløpet 5 km . Her var det 1117 fullførande deltakarar. Slik blei topp 3-lista:

Kvinner
1. Gunhild Halle Haugen (Runar friidrett)  0:18:01
2. Maren Halle Haugen (Runar friidrett)  0:18:19
3. Anna Marie Nordengen Sirevåg (Sportsklubben Vidar)  0:18:21

Menn
1. Marius Garmann Sørli (Ask Friidrett)  0:15:33
2. Rasmus Gregersen (ASICS FrontRunner Scandinavia)  0:15:34
3. Andreas Iden (ASICS FrontRunner)  0:15:40

 

Dei fleste som var med på 10 km- og 5 km-løpet hadde naturleg nok ikkje 1. plassen som mål, men dei hadde sett seg personlege mål. Det var fantastisk å sjå alle dei glade deltakarane som kom over målstreken med henda i vêret. Ved mål streama vi live-intervju med deltakarar på Facebook (Sentrumsløpet), delte ut drikke, bananer og, sjølvsagt medaljar.

 

 

Tusen takk til alle som deltok, alle frivillige og alle våre samarbeidspartnarar for ein flott dag!

Sjå fleire bilete og videoar på vår Facebook-side.