Å kle seg til ein kald løpetur

Sjølv om løping er ein sport som i utgangspunktet ikkje stiller store krav til utstyr, kan mangel på passande klede føre til stor irritasjon. På sommartid er det ein smal sak å kle seg riktig, men på vintertid kan dette vere ei utfordring. I denne artikkelen skal eg dele mine mest nyttige erfaringar frå mine mange løpeturar i kalde temperaturar. Med ein liten dose planlegging unngår du at løpeturane i vinter blir ukomfortable på grunn av vêret.

Ha eit sett med jakke og bukse/tights du kan bruke under kalde dagar. Kor varmt du kler deg kan du regulere ved å tilpasse kva du har under jakka og buksa. Stort sett spring eg med ein vanlig langtights heile året. Når det er ekstra kaldt, bruker eg enten ein tynn ullunderdel under tightsen, eller ein fora vintertights. På dagar der det ikkje er fult så kaldt kan du ha tekniske t-skjorter og genserar. Når det verkeleg riv i lufta, kan du ha ein pustande ulloverdel innerst mot kroppen. Erfaringsmessig synes eg merinoull fungerer bra. Det pustar godt, og er enkelt å vedlikehalde.

Jakker som er meint for opplett er veldig forskjellige frå jakker som er meint for nedbør. Ofte må ein ta eit val mellom å prioritere pusteeigenskapar og vasstettleik. Når det striregnar ute, bør du passe på å ha ei jakke som ikkje gjer deg søkkvåt med ein gong. Då blir du meir eksponert for vind, og har lettare for å bli kald. Likevel kan du, til en viss grad, beskytte deg mot regn utan å ha vasstett jakke – ull held godt på varme sjølv om det blir vått. Når snøen er tung, gjeld delvis dei same reglane som ved regn, fordi snøen smeltar og blir våt. Når det snør lett eller er opplett, er det best å kle seg i enkle jakker som pustar godt. Ein ulempe med å bruke vasstette jakker når det ikkje regnar er at ein ofrar pusteeigenskapar utan å få noko igjen for det. Blir ein veldig gjennomsveitt innvending, er ein eksponert for vind og kulde. Det er viktig å påpeike at det finst fleire løpejakker i dag som både pustar godt og held regn ute.

 

Døme på vinterklede.

Det er nokre små detaljer eg alltid hugsar på når det er kaldt. For det første tar eg alltid på meg løpehanskar når det er kaldt. Hausten kjem aldri utan å overraske meg over kor mildt det kan vere når eg likevel allereie har begynt å fryse på hendene. Løpehanskar finst i mange variantar, i alt frå gore tex til tynt, teknisk stoff. Ein buff og ei tynn lue er også smart å ha med seg på tur. Ein er gjerne kald i hals og på hovudet i det ein legg ut på tur, men det er også typisk at ein blir fortast varm i hals og på hovudet etter kvart. Derfor er det eit poeng at lua ikkje er for tjukk og at den har gode pusteeigenskapar. For det andre, unngår eg alltid bare anklar. Det er viktig å passe på at musklar og senar held seg varme for å unngå ulike formar for skadar. Pass derfor alltid på å ha høge sokkar om du har på deg ei bukse eller tights som sluttar på ankelen, der akillessena er spesielt utsatt. For det tredje, tar eg alltid med meg klesskifte som eg kan byte til rett etter trening om eg ikkje får dusja med ein gang. Viss eg har anledning til å byte til ein tørr overdel før nedjogg etter intervalløkt, så gjer eg det.

Det er stor forskjell på ein kort løpetur i nærområde og ein lang løpetur til fjells. Vit kva du skal trene, og kle deg deretter. Vinteren kan by på mange store løpsopplevingar. Pass derfor på å la det bli løpinga som er i fokus når du drar ut, og ikkje kor mykje du frys på beina.

Skrive av ASICSFrontRunner Andreas Iden

 

Asics Frontrunner er ei global rørsle som har som mål å motivere, overprestere og inspirere både seg sjølv og andre til å jobbe hardt for målet om ei sunn sjel i eit sunt lekam.

Les meir her.