Hertz BilPool ny partnar til Asics Sentrumsløpet

Vi er glade for å kunne presentere Hertz BilPool som ny partnar til Asics Sentrumsløpet

Hertz BilPool er ein bildelingsteneste der bilar er utplassert på faste parkeringsplassar rundt om i Oslo. Med Hertz BilPool får du tilgang til bil når du har behov og slepp å eige eigen bil. Det er ei miljøvennleg løysing, ein bilpoolbil erstattar mellom 9 og 13 privateigde bilar. Som medlem i Hertz BilPool slepp du å tenke på service, dekkskift, vask og andre nødvendigheiter som følger ved det å eige ein bil. Likevel har du alltid ein bil tilgjengeleg i nærleiken når det trengst.

«Vi er stolte og gleder oss til samarbeidet med Asics Sentrumsløpet. Løypa passerer 5 stader der vi har bil tilgjengeleg for medlemmene våre og mange av deltakarane bur sentralt i Oslo og lever fint utan å eige eigen bil. Vi jobbar med å redusere behovet for privatbilar, dette heng godt saman med å bruke byen til trening, mosjon og aktivitet. Det å vere partner til eit slikt flott arrangement er verdifullt for oss», seier Eivind Thorne, leiar for Hertz BilPool.

«Vi er allereie ein brukar av tenestene dei tilbyr, fordi det er ein billig og enkel måte å dekke vårt behov for bil, dei gongene buss og trikk ikkje strekker til. Kontoret vårt er i Oslo sentrum og Hertz Bilpool har bilar utplassert over heile byen. Bilparken deira består av alt frå småbilar til varebilar. Hertz Bilpool er derfor ein perfekt partner for Asics Sentrumsløpet», seier Kristoffer Nilsen, dagleg leiar i arrangørklubben, BUL.