,

Nye løpesko til våren?

Nye løpesko til våren?

 

Våren har no begynt å gjere sitt inntog, og løpesesongen står for tur. Men kva for sko skal du velje?

 

Løpesko kjem i uteljande variantar og fasongar. På mange måtar er dei like forskjellige som oss løparar. Dette er i utgangspunktet ein fordel, men kan likevel by på utfordringar i prosessen med å velje. Valg av løpesko er sjølvsagt ingen eksakt vitskap. Men best mogeleg kunnskap, sannsynleggjer eit best mogeleg resultat. Eg kallar det kvalifisert gjetting.

Eirik

 

Eit spørsmål som ofte dukkar opp er følgjande: Treng eg fleire par løpesko? Svaret er nei, men det kan i mange tilfelle vere lurt. Løper du 1-2 gonger i veka utan store problem, held det fint med eitt par. Løper du meir enn det og/eller har litt vondt i kroppen, vil eg absolutt anbefale å veksle mellom fleire par. Ei hovudårsak til skadar blant løpere, er monoton belastning. Variasjon er her stikkordet, både i sko, underlag, intensitet og treningsform. Jo meir variasjon, jo mindre sjanse for belastningsskadar. Løper du i terrenget vil eg også anbefale ein dedikert sko laga for dette formålet. Til intervalltrening og konkurransar, kan det også vere både betre og morosamare å velje ein noko lettare modell.

 

Dessutan er det ikkje nødvendigvis dyrare med fleire par sko. Så lenge ein til slutt brukar opp alle skoa, vil det vere like dyrt om ein kjøper eitt eller fleire par. I det siste tilfellet må ein berre kjøpe sko oftare. Ein løpesko har nemleg begrensa varigheit som varierer noko frå modell til modell og frå løpar til løpar. Ein sier gjerne at ein godt dempa sko varer rundt 1 000 km med løping. Ein kan sjølvsagt løpe meir enn dette, men dempinga vil i tilfelle vere vesentleg redusert. Nokre sko varer lenger, medan andre varer kortare.

 

Det viktigaste er å starte med ein skikkeleg behovsanalyse. Her er nokre spørsmål som kan hjelpe deg med å kartlegge behovet ditt: Kor ofte løper du? Kva for underlag løper du på? korleis ser ei typisk treningsveke ut for deg? Har du/har du hatt skadar eller plager som kan relaterast til løpinga di? Dersom ja, kva er grunnen til dette og kva gjorde du for å bli bra igjen? Kva slags sko har du brukt tidlegare? Korleis har det fungert?

 

Eg anbefalar å dra ein stad dei både har tid og kunnskap til å hjelpe deg med å ta det rette skovalet. Det er ein stor fordel dersom du får testa forskjellige sko opp mot kvarandre på ei tredemølle. Gjerne mens eit trena auge tek ein video som de kan sjå på saman. Løper du likt med alle skoa? Kva for sko løper du best med? Pronerer du mykje? (Fell du mykje innover eller utover i ankelleddet ved gjennomføring av steget.) Kva for sko likar du best? Er du usikker, ville eg alltid ha valt dei skoa du sjølv har lyst på. Det er ingen vits å kjøpe en sko som du blir anbefalt, dersom ikkje du også ønskjer denne skoen sjølv. Og ver ikkje redd for å kjøpe fleire par, det kan som nemnt løne seg.

 

Lykke til!

 

Eirik

 

I samband med kvart nyheitsbrev fram til Anton Sport Sentrumsløpet vil ein trenar, leiar eller utøvar frå arrangørklubben, Idrottslaget i BUL, gje tips og triks til treninga. Denne gongen er det Eirik Tanberg som gir deg nokre tips til kva du bør tenke på når du skal kjøpe joggesko. Eirik har jobba fleire år i spesialistforretning for løp.