,

Bakkeløp som teknikktrening

Bakkeløp som teknikktrening

Det er mange som er flinke til å fortelje deg om kva riktig løpeteknikk er. 180 steg i minuttet, lande på tå/mellomfot/hæl. Det som er viktig, er å finne ut kva som er riktig for deg. Kva er det som gjer at du spring så fort som mogeleg med minst mogeleg innsats, eller kva som gir deg best løpeøkonomi.

Bevegelsane dine skal vere retta mest mogeleg framover. Uavhengig av om du landar på hæl, mellomfot eller forfot. Prøv deg litt fram og kjenn på kva som er mest naturleg for deg. Truleg vil du komme fram til at eit steg av enten hæliset eller mellomfotslanding er enklast. Sjå i denne samanhengen om skoa dine er tilpassa ditt steg. Er du utprega hælløpar, er ein sko som dempar godt i Frode1-225x300hælpartiet riktig for deg. Landar du litt lenger fram, kan ein sko med lavare dropp mellom hæl og front vere best.

Det blir fort mykje å tenke på om ein til ei kvar tid skal vere bevisst både frekvens, fotiset og armbevegelsar. Ein måte å trene inn riktig bevegelsesmønster på, som også gir deg betre kondisjon, er bakkeløp. Du kan for eksempel springe 8-10 x 30 sekund med ikkje for bratt motbakke. Pause: gå tilbake eller småjogge. Er steget ditt for langt vil du fort stivne. Du finn fort ei steglengde/rytme som driv deg mest mogeleg effektivt fram. Bruk armane aktivt for å betre framdrifta. Klarar du å halde deg litt oppe i steget går det fortare. Du kjenner at leggmusklane må vere sterke. Kanskje ein idé å leggje inn nokre tåhev i treningsprogrammet ditt?

Når du er ferdig med bakkeløpa finn du deg en rett, flat strekning på 60-100 m. Her avsluttar du økta med 4-6 drag med fokus på teknikk. Kanskje har det skjedd noko på bakkeløpa du kan dra nytte av på flata? Prøv det med ein gong. Kroppen lærer lettare det som er ferskvare og avsluttar du med å gjere noko riktig, vil det vere lettare å starte opp neste løpeøkt med riktig steg.

Avslutt alle løpeøktene dine med nokre slike drag der du både kan konsentrere deg om teknikk, og avslutte med noko som går litt fortare. Det handlar jo om kva som skal til for å få kroppen til å springe fort. Derfor er det viktig at den får prøve seg på nettopp det.

 

Lykke til med treningen!

 

Frode

 

I samband med kvart nyheitsbrev fram til Anton Sport Sentrumsløpet vil ein trenar, leiar eller utøvar frå arrangørklubben, Idrottslaget i BUL, gje tips og triks til treninga. Denne gongen er det langdistansetrenar i BUL og fysioterapaut, Frode Hansen, som gir deg nokre tips til korleis du kan trene på løpsteknikken din.