Påmeldinga til Sentrumsløpet 2012 er open!

 

Laurdag 28. april 2012 går startskotet nok ein gang på Karl Johan. Sentrumsløpet er årets fyrste gateløp og eit av Noregs største løpsarrangement! Gjer som nærmare 8000 andre gjorde i 2011 og meld deg på Sentrumsløpet 2012!

Påmelding Sentrumsløpet 10 km og Barnas Sentrumsløp 600 meter 

 

American Express leiar førebells Bedriftsduellen med 27 påmeldte - kor sprek er bedriften din?

 

Les meir om løpet på Norges Friidrettsforbund si heimeside.

Sjå bilder og artiklar frå årets løp på Kondis si samleside for Sentrumsløpet!

 

Kva er Sentrumsløpet

Kvart år inviterer BUL idrottslag til ein folkefest i Oslos gater.
Løpet er 10km langt og for både mosjonistar og eliteløparar.
Både vaksne og barn kan delta.

Sentrumsløpet blei arrangert fyrste gong i 1981: 1860 menneske gjennomførte løpet, interessen auka raskt, og berre året etter var det 3600 deltakarar. Sentrumsløpet nådde ein topp i 1988 med nesten 16 000 løparar.

I år forventar vi opp mot 8 000 deltakarar